Den over 300 år gamle gjestgjevarstaden Jaunsen har i løpet av dei siste 12 åra vorte omsorgsfullt restaurert og svært forsiktig modernisert til vår tids standard.
Gjestgjevarstaden består av 3 bygningar og er klassifisert som verneverdig av riksantikvaren.
  • Tingstova - gjestgjevarstad frå 1674
  • Bondestova - 1726
  • Jaunsenhuset - bygd i tida 1759-1785
  • Jaunsen Pub - bygd i 2009 og tatt i bruk til påsken 2009. Ein fin samansmelting av gamalt og nytt, og ein etterlengta samlingsstad for innbuarane i Granvin.